fredag 18. desember 2009

Ny telefon!

No er det vel fjerde gong eg skiftar telefon. Men no har eg fått mamma sin gamle telefon. Det er ein Sony Ericsson G900. Det er ein touchmobil (Du kan ta på skjermen med den) og den har 5 megapixslar på kameraet, altså, veldig bra kamera. Den eg hadde før var ein Nokia N95.



Dette er den gamle:
Dette er den nye:

søndag 8. november 2009

Tap med eit lite straffespark


No er det stillare i huset enn då TVen var på. Moldedrakta er i vaskemaskina etter at den vart svetta ut av nærvøsitet i kampen mellom Molde og Aalesund. Det var jamnt gjennom kampen, men Molde rota med ballen og slo den inn med magen i fyrste omgang. I andre omgang utlikna aalesund til 1 - 1 og pappa satt nærvøst i stolen. Det vart 1 - 1 og ekstra omgangar. Etter ekstraomgangane vart det 2 - 2, og det var klart for straffekonkuranse. Det begynte dårleg og aalesund-keeperen redda den. Resten av alle måla, både til aalesund og til molde gjekk i nettet og dermed tapte molde cupen med eit lite straffespark og pappa gjekk skuffa frå stova.

JOJO!


No har eg fått lånt ein liten jojo så no er det berre å sette i gang og øve:)

søndag 25. oktober 2009

Søndagsfrukost


Deileg frukost på ein søndag. Vart litt tideleg sidan vi har stilt klokka tilbake:)

Større


No har katten vorte litt større men ikkje fullt vaksen enno. Han har vakse sidan vi fekk han og han har og vore litt bortskjemd.

lørdag 10. oktober 2009

Bowling





No var det hyttetur, men utan mamma. Denne gongen var det guttetur:-) Det pappa sa
vi skulle gjere var at vi skulle på bowlig, og det har eg gleda meg til! Men dessverre tapte
eg:-( Men det var no gøy. Vi har og sykla i snø og vi skal sykle meir. I kveld skal vi ha ein avslappande kveld men chips og tv og fårikål;-) I morgon reiser vi:)






onsdag 30. september 2009

Ny gitar!!!!!


Endeleg har eg fått meg ny gitar. Det tok 1 og ei halv veke, men som dokke veit, posten er treig.
No blir det speling heile tida:)

søndag 30. august 2009

Mikkel og Mathias!!!

Mikkel og Mathias fekk ein gong latterkrampe på øvinga.
Eg og Eirik var i vertfall seriøse

mandag 10. august 2009

Gode naboar!


Mange seier at naboar kan ofte vere veldig plagsomme. Det er i vertfall ikkje våre. Dei er totalt dei aller beste naboane i heile verda.
Berre vi passar kattane deira i to dagar så får vi presangar og pengar. Altfor mykje styr.

Trampolina!


I det siste har trampolina ikkje vert så mykje brukt, men når det blir fint vær, då blir det hopping.

PS: 10 min hopping er som 30 min jogging, så kjøp trampoline. Plantasjen sin er god.

mandag 27. juli 2009

OL - Beach


Vi hadde olympiske leikar på stranda ein av dagane i Hellas.
Då var det om og gjere å konse på smidighet, raskhet og seier:)

Scooter tur på Paros!



Scooter tur vart ein suksess i år igjen.
I år gjekk scooterane til nabo øya paros.
Eg satt på med både mamma og pappa.
Det var på ein måte eit kappløp. Mamma hadde raskast motor på flata, men i oppoverbakkane tok pappa ho igjen.

Katt!!!!!!


Endeleg har eg fått meg katt. Den er berre 1 og ein halv månad.
Den er 10 cm lang og er grå.

fredag 24. juli 2009

Blue Star - Den syngande båten


Blue Star er eit båt selskap som køyrer i mellom alle småøyene i Hellas. Poenget med "den syngande båten" er at kvar gang lemmen går opp eller ned spillar den av "til Elise".

mandag 20. juli 2009

Ny blogg

Ja ja. Fann ikkje passordet til den andre bloggen..... Så no er det berre å gløyme
www.simonsolemdal.blogspot.com.... no er det
www.klemmekroken.blogspot.com
som gjeld:)