søndag 8. november 2009

Tap med eit lite straffespark


No er det stillare i huset enn då TVen var på. Moldedrakta er i vaskemaskina etter at den vart svetta ut av nærvøsitet i kampen mellom Molde og Aalesund. Det var jamnt gjennom kampen, men Molde rota med ballen og slo den inn med magen i fyrste omgang. I andre omgang utlikna aalesund til 1 - 1 og pappa satt nærvøst i stolen. Det vart 1 - 1 og ekstra omgangar. Etter ekstraomgangane vart det 2 - 2, og det var klart for straffekonkuranse. Det begynte dårleg og aalesund-keeperen redda den. Resten av alle måla, både til aalesund og til molde gjekk i nettet og dermed tapte molde cupen med eit lite straffespark og pappa gjekk skuffa frå stova.

1 kommentar:

  1. Flott skrive Simon! Du har observert mykje sjølv om du for det meste sat på kjøkkenet...

    SvarSlett